Runde miljøsenter.
            (Foto: Arkiv.)

Runde miljøsenter.Foto: Arkiv.

Runde Miljøsenter tilbake på budsjettet, og:

Kan få éin million ekstra

Fylkespolitikarane ville ikkje gå med på alle kutta til forsking og utvikling på 2018-budsjettet.

(Sunnmørsposten): Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal vedtok i måndagens møte å legge inn igjen løyvinga til Runde miljøsenter.

Les også: - Heilt ulogisk

Etter eit framlegg frå Ap, SV, Sp og Nordmørslista blei det lagt inn fleire tiltak som var foreslått stroke frå potten til forsking og utvikling.

Mellom dei som no er tilbake på det fylkeskommunale budsjettet for 2018, er Runde miljøsenter med ei bevilling på 1,5 millionar kroner. Utvalet ønskjer mellom anna også å løyve pengar til dei andre sentrene for fornybar energi - Norsøk (Norsk senter for økologisk landbruk) på Tingvoll og NVES (Nasjonalt Vindenergisenter) på Smøla.

I tillegg ber utvalet om ei eiga sak der ein ser nærare på behovet desse sentrene har for ei føreseieleg støtte frå fylkeskommunen.

Éin million på statsbudsjettet

I tillegg løyver SV sentralt éin million kroner ekstra til Runde milljøsenter over siitt alternative statsbudsjett, ifølgje ei pressemelding frå partiet.

– Om vi ikkje får vedtatt helle budsjettet, håpar eg at vi kan få med delar av det. Og eg oppfattar at det er tverrpolitisk einigheit om at det no er viktig med forsking på havrommet  og næringsutvikling, fortel Yvonne Wold (SV) i utvalet.

Ho seier det no er viktig at forslaget frå utvalet kjem heilskinna gjennom den politiske behandlinga til eit endeleg vedtak i fylkestinget fylkestinget 12. desember.

Jobbar tverrfagleg

Partiet påpeiker at det har vorte auka merksemd kring sjøfugl og kystøkologi dei siste åra, og meiner ei årleg bevilling til senteret på to millionar kroner over statsbudsjettet har bidrege til dette.

– Noko av det unike med Runde miljøsenter er at dei samarbeider på tvers av profesjonar, og at dei knyter kontaktar mellom universitet, forskingsinstitusjonar og aktørar innanfor marine og maritime næringar på Nordvestlandet, heiter det i pressemeldinga frå SV.


Denne saka blei først publisert i Sunnmørsposten.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: