– Sjå på den fine dokka, er ikkje ho naturleg vel?, spør Eldbjørg Haddal.

Damene rundt bordet, ja, det er berre damer, har vore effektive i år, og dokka er ei av to dokke som skal loddast ut med garderobe på julemessa fredag.

Bordet bognar av strikkalestar, broderte puter, lappeteppe, dokkeklede og eit par bunadsstrømper til herre.

Saman med Eldbjørg sit Oddlaug Ulstein, Oddrun Hasund, Else Ertesvåg, Alfhild Dragnes, Ingrid Solvang, Anna Strandabø og Inger-Eli Barstad. Dei fleste bur i komunal omsorgsbustad på Ulshaugen eller i Holsekerdalen.

– Eg synest det har vore ein stor produksjon i år, dei er flinke, seier ein av aktivitørane, Mary Runde Breivik.

Pengane som kjem inn på julemessa skal brukast til velferdstiltak.

– Vi brukar å reise på tur eit par gongar i året, og så kjøper vi kake når nokon har rund dag, fortel Breivik.