Mindfulness er ein gammal meditasjonstradisjon med røter i buddhistisk tenking og praksis.
            (Foto: Illustrasjon/Unsplash.com.)

Mindfulness er ein gammal meditasjonstradisjon med røter i buddhistisk tenking og praksis.Foto: Illustrasjon/Unsplash.com.

Folkehelseinstituttet:

Mindfulness verkar helsefremjande

Mindfulness har sterkt effekt på psykisk helse, i tillegg til tydeleg effekt på livskvalitet og personleg utvikling.

(NPK): Rapporten, med namnet Mindfulness-based stress reduction (MBSR) for improving health, quality of life and social functioning in adults, ser på effekten Mindfulness har på helsa.

Vikebladet Vestposten har tidlegare skrive om Ulsteinvik-baserte Mewinn Coaching som arrangerte kurs i Mindfulness saman med Bergen Stressmestringssenter.

Les saka her: Eit godt verktøy for sjølvhjelp

Studiane er gjennomført i USA, Europa inkludert Noreg og Sverige, Asia og Australia, og målgruppene har vore både pasientar med psykiske eller fysiske sjukdomar, og grupper i normalbefolkninga, som lærarar, helsepersonell, studentar og andre, skriv Folkehelseinstituttet på nettsidene sine.

– Det nye no er at oversikta inneheld 37 studiar som samanliknar MBSR med andre aktive psykososiale intervensjonar. MBSR viste ein signifikant betre effekt på psykisk helse, og like god effekt på livskvalitet, seier lege og PhD Michael de Vibe som har skrive rapporten.

Mindfulness er ein gammal meditasjonstradisjon med røter i buddhistisk tenking og praksis.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: