13. og 14. oktober opplevde Marine Harvest akutt døyelegheit ved smoltanlegget sitt på Steinsvik i Volda på Sunnmøre. 734.499 smolt døydde på ei natt. Illustrasjonsfoto

13. og 14. oktober opplevde Marine Harvest akutt døyelegheit ved smoltanlegget sitt på Steinsvik i Volda på Sunnmøre. 734.499 smolt døydde på ei natt. Illustrasjonsfoto

Over 700.000 smolt døydde på ei natt

13. og 14. oktober opplevde Marine Harvest akutt døyelegheit ved smoltanlegget sitt på Steinsvik i Volda på Sunnmøre. 734.499 smolt døydde på ei natt.

Det kjem fram i eit dokument som Intrafish har fått innsyn i.

Smolten som døydde var sjøklar og skulle etter planen overførast til sjø 17. oktober. Det er framleis ukjent kva som er årsaka til at smolten døydde. Marine Harvest opplyser til Intrafish at dei har fullt fokus på å få ei oppklaring i saka.

Anlegget i Steinsvika har 7,5 millionar smolt.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: