Stengt kryss til 2. desember

Krysset mellom Blåhuset og Ulstein Arena blir stengt grunna ombygging.
Nyhende

Ulstein kommune melder tysdag at krysset mellom Ulstein Arena og Blåhuset i Vikemyra blir stengt fram til 2. desember. Bakgrunnen for dette er ombygging av krysset.

Les også: No skal krysset i Vikemyra opparbeidast

Ifølgje Ulstein kommune er det opna ein tilkomstveg mellom Bjørndalvegen og oppover i Vikemyra gjennom det gamle bensinstasjonområdet. (Sjå kartet).