- Velkomen! Vi gler oss veldig til dette, og håper folk ønskjer å ta turen hit til oss, seier Anita Muren og Stephan Frei.

Mange har lenge lurt på kva som skulle skje med det ikoniske "Kaffikari-bygget" i Ulsteinvik sentrum. No blir det igjen aktivitet i bygget, då det fredag blir fyrste opningsdag for restauranten Maluns.

- Om alt går etter planen blir det fredag, ja. Så vi får håpe at alt vi treng kjem på plass i tide, seier Anita smilande til Vikebladet Vestposten.

Les også: Her kjem det ny restaurant i november

Anita kan elles opplyse om at restauranten som kjent har søkt om skjenkeløyve, men at dei ventar på svar frå kommunen. Fram til eit eventuelt svar kjem vil restauranten ha opent frå morgon til og med sein ettermiddag.

- Målet er å utvide opningstida når skjenkeløyvet er på plass, seier Muren.

Du kan lese eit lengre intervju med drivarane av Maluns Restaurant i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.

Anita Muren, opphavleg frå Gursken, startar restaurant i Ulsteinvik saman med mannen sin, Stephan Frei. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.