I 17-tida vart det sett i gang søk etter ei sakna kvinna, og det vart leita både i sjøen og i terrenget. Kvinna vart funnen død i 01-tida.

Sørøyane Røde Kors hadde atten personar i aksjon. I tillegg deltok mannskap frå Volda/Ørsta Røde Kors og hundeekvipasjar frå Norges redningshunder. Redningsskøyta Idar Ulstein søkte i lang tid langs strandkanten.

– Mange tok kontakt med Sørøyane Røde Kors og ville vere med og leite. Folk kom også til staden for å hjelpe, fortel administrativ leiar i Sørøyane, John Birger Våge.

Han fortel at det er politiet som avgjer om frivillige skal vere med i leiteaksjonar eller ikkje.

– For å verte ein godkjend førstehjelpar, må du gjennom omfattande kursing, seier Våge.

Det er vanleg at Røde Kors merkar auka interesse etter slike aksjonar. Sørøyane Røde Kors har i ettertid fått to innmeldingar.

– Vi bikkar snart femti medlemmar, og då vert vi det største hjelpekorpset i fylket, seier Våge.