Lars Erling Bjåstad Hovlid, leiar for inkludering og mangfald i Ulstein kommune, meiner Hansen har sett eit viktig fokus på integrering i lokalsamfunnet.

Les også: – Alle har eit ansvar for å inkludere (+)

– Det skjer mykje positivt når det gjeld integrering og inkludering i Ulstein, både i frivillig arbeid og i arbeidslivet, seier Hovlid. Han fortel at dei som jobbar med integrering det siste året har opplevd vilje hjå mange arbeidsgjevarar til å ta imot flyktningar i praksis.

– Vi ser også at mange barn og unge finn seg godt til rette i lag og organisasjonar med flinke frivillige, seier Hovlid.

Les også: - Klart eg heiar på damer som Bennie (+)

Han meiner masteroppgåva også gir Ulstein som lokalsamfunn og kommune eit spark bak til å framleis å jobbe aktivt for at alle som bur i Ulstein skal kjenne seg heime og trivast her, sidan mange slit med å finne sin plass både sosialt og i arbeidslivet.