- Om det er kjekt? Ja!, seier Bjørn Johansen.

Han var mellom dei ivrigaste på dansegolvet i storsalen på Reiten fredag formiddag. Saman med Einfrid Grindheim svinga han seg til musikken frå bandet Fjøresteinane.

– For bandet er det fint å få vise seg fram litt, seier musikalsk leiar Stig Grimstad.

Det har gått sju år sidan han starta Fjøresteinane på Ulstein vidaregåande skule. Gustav Brubakk Grimstad og Vigdis Kim Tødenes har vore med frå starten. I år er Fjøresteinane eit samarbeidsprosjekt mellom Ulstein og Hareid: kulturskulane og vaksensopplæringa i begge kommunar bidreg.

– Vi skal vere med på mange arrangement no framover. Tysdag skal vi spele i Fosnavåg, 13. desember skal vi spele på opninga av Holsekerdalen 24. Tredje søndag i advent skal vi vere orkester og forsongarar under gudstenesta i Ulstein, og 20. desember skal vi ha ein allsongkonsert med tradisjonsrike julesongar i Hareid kyrkje, fortel Grimstad.