Fredag signerte ordførar Anders Riise (H) frå Hareid kommune og ordførar Knut Erik Engh (Frp) frå Ulstein kommune på ein vertskommuneavtale for det nye felles Nav-kontoret for dei to kommunane. Det skriv begge kommunane på sine nettsider.

I begge kommunane er det vedteke at det nye Nav-kontoret skal ligge på Hareid.

Les også: Håpte det gjekk like "smooth" i Ulstein

Les også: Fleirtal for Nav til Hareid

Les også: - Svarte-torsdag

Vertskommuneavtalen skal gjelde frå 1. januar 2018, men inntil det nye helsehuset står klart i Hareid, vil det vere Nav-kontor i Ulstein.