Måndag diskuterte Ulstein formannskap korleis Ulstein kommune skal leggje til rette for borgarlege vigslar i kommunal regi. Ei endring i ekteskapslova gjer at alle kommunar må ha eit slikt tilbod frå 1. januar 2018.

Hareid kommune vedtok eit reglement for dette tidlegare i haust. Ulstein formannskap gjorde no si tilråding før kommunestyret gjer vedtak 14. desember.

To vigslarar

Formannskapet går inn for at ordførar og varaordførar tar seg av den kommunale vigselsretten. Kommunen kan også peike ut fleire.

– No har de sjansen, sa ordførar Knut Erik Engh, men det var ingen i formannskapet som melde seg, eller foreslo andre kandidatar.

Både for busette og andre

Ulstein vil tilby vigslar for både brurefolk som bur i Ulstein og andre. Dei hadde diskutert om dei skulle avgrense denne retten til folk som hadde tilknyting til staden, men fann ut at det var like greitt å opne for at alle som ønskjer å gifte seg i Ulstein får det.

Helst i kontortida

Borgarlege vigslar skal helst finne stad i kontortida på rådhuset, anten på kontoret til ordførar eller i kommunestyresalen. Slik vigsel er kostnadsfri, står det i vedtak frå formannskapet.

Brurefolket har sjølv ansvar for eventuelle innslag utover sjølve vigselen, om dei til dømes vil ha musikk eller andre kulturelle innslag.

Om brureparet ønskjer vigselen andre stader enn på rådhuset, eller utanfor kontortida, må dei avtale det særskilt med vigslaren. Så vil kommunen fakturere dei for dei eventuelle ekstrakostnadene, som reiseutgifter.

Varaordførar Steinar Torvik (KrF) lurte på om dei kanskje bør lage nokre reglar for kva dei seier ja eller nei til. Men Engh meinte det fekk bli opp til vigslaren.

– Eg tenkjer at noko undervassbryllaup på Grasøyane, det er ikkje aktuelt. Men ein tur på Hasundhornet kan gå bra, meinte han.

– Kva med fallskjermhopp, lo Renathe Rossi Kaldhol (Ap).

– Tja, kanskje det, svara Engh. varaordføraren kom ikkje med slike lovnader.

Kommunen vil tilby vigsel på norsk og engelsk.