Politiet meldte fredag kveld at Eiksundtunnelen var stengt. Bakgrunnen for stenginga er at det er fjerna brannsløkkingsapparat frå ein naudstasjon i tunnelen. Like etter 23:40 kom det melding frå politet om at tunnelen var opna for trafikk.

110-sentralen på twitter meldte først at det er to brannsløkkingsapparat som er fjerna frå Eiksundtunnelen, men ifølgje politiet skal tre slike apparat vere tømde i botnen av tunnelen. Politiet ønskjer å kome i kontakt med vitne.