Det ikoniske bygget i Ulsteinvik som stod ferdig som Ulstein-konsernet sitt nye administrasjonsbygg i 1980, og som seinare var ein del av pakken som Vickers og seinare Rolls-Royce kjøpte opp, har heilt klart sett betre dagar.

Allereie i 2015 kom nyheita om at Rolls-Royce ønskte å selje bygget, men på dei to åra som har gått sidan har svært lite nytt skjedd. Dei tilsette som fram til i fjor hadde kontorplass her, blei flytta til Hjørungavåg.

Kommunikasjonsdirektør i Rolls-Royce Marine, Anette Bonnevie Wollebæk, fortel at det er lite nytt kring bygget.

– Men vi ventar no og ser kva for eventuelle planar Ulstein kommune har for tomta bygget står på, seier ho.