21 år gamle Malene Liavaag er tilbake på sporet.

– Målet er å verte ingeniør. Altså, eg starta på ein måte på det sporet, så gjekk eg ut av det og no er eg inne på ingeniørsporet igjen, ler ho.

Ho kjem frå ein familie full av ingeniørar, så det vil neppe vere overraskande viss ho når målet sitt. Men ho var nær ved å droppe den karrierevegen.

– Eg var flink på ungdomsskulen og fekk til det eg ville fagleg. Mange meinte eg måtte ta realfag på vidaregåande og etter kvart studere til å verte ingeniør. Difor tok eg TAF-linja på Ulstein vidaregåande, fortel Liavaag.

Men møtet med realfagsmatematikken slo henne litt ut. Tvilen melde seg: burde ho kanskje ikkje verte ingeniør likevel?

– Eg jobba veldig med faget, men matematikken var likevel veldig vanskeleg. Motivasjonen min fekk ein knekk, eg vart veldig usikker.

Fagbrev

Etter fire år på vidaregåande, med praksis som industrimekanikarlærling hos Kleven, bestemte Malene seg for å ta eit år vekk frå skule og utdanning. Ho søkte og fekk jobb som fagarbeidar på Kleven.

– Etter kvart fekk eg prøve meg på å bøye og å legge røyr. Det fekk eg til, og brått fekk eg også bruk for den «sære» matematikken frå vidaregåande. Då såg eg den praktiske nytta av trigonometri, til dømes.

Malene spurde om å få lov til å gå opp til fagprøve i røyrleggarfaget, og det fekk ho lov til. Saman med Hilde Kristin Thomassen, også ho frå Hjørungavåg, tok ho fagprøva i juli i år.

– Vi fekk begge to karakteren meget godt bestått, det var kjempekjekt, fortel ho, som altså kan skilte med fagbrev som industrirøyrleggar.

Og på Verftskonferansen 2017 i starten av november fekk Malene Liavaag 25.000 kroner i stipend frå det som heiter Skipsbyggerienes fond for forskning og utdannelse.

– Det var utruleg kjekt få det stipendet, seier 21-åringen, og legg til:

– Jenter skal ikkje vere redde for å velje utradisjonelle og mannsdominerte yrke. Eg trur mange hadde vorte positivt overraska viss dei hadde prøvd, du vert mykje meir sjølvstendig og tøff, og du lærer korleis ting er sett saman og korleis dei fungerer.

I Fredrikstad

Etter eitt år på Kleven vakna lysta til meir skule.

– Eg har alltid hatt mange ulike interesser som idrett, musikk og teikning. Men eg har også alltid vore spesielt oppteken av korleis ting rundt meg ser ut, anten det er bilar, båtar, klede eller møblar. Som person er også veldig perfeksjonist og oppteken av detaljar, fortel ho.

Ho vedgår at ho nok var påverka av at både faren og eine broren er utdanna ingeniørar. I tillegg er den andre broren godt i gang med ingeniørutdanning.

– Men det vart veldig lite teikning dei åra eg gjekk på vidaregåande, eg følte vel at kreativiteten min vart undertrykt, eg sakna veldig å bruke den. Då eg oppdaga at Høgskolen i Østfold har ei linje som utdannar ingeniørar i industriell design, bestemte eg for å søkje, fortel Malene.

No er ho godt i gang med det første av tre år i ein bachelorgrad.

– Dette passar meg midt i blinken, eg trivast veldig godt, eg trur eg fann den ingeniørretninga som er mest kreativ.

Kva har du lært til no?

– Eg har mellom anna lært teknikkar for å teikne idéskisser for hand. Det handlar om korleis du skal få ein idé ned på eit papir og få det til å sjå realistisk ut. Og om korleis du kan overtyde andre om at du har ein god idé.

Korleis går det med matematikken då?

– Jau, eg har fått meir hand om matematikken, eg er veldig glad for at eg ikkje gav opp. Eg har fått igjen motivasjonen, fortel Malene Liavaag på telefon frå Fredrikstad.

Vil flytte heim

Ho fortel at ho likar seg godt i Fredrikstad og at ho heile tida har noko å gjere. Men det er eit stykke frå Østfold til Hjørungavåg, spesielt sidan kjærasten, Martinus Rise Gaasø, bur på Hareid.

– Det vert nokre turar heim, ja, men eg er innstilt på bu desse tre åra her i Fredrikstad, sidan det berre er her dei har dette utdanningstilbodet. Stipendet eg fekk på Verftskonferansen kjem veldig godt med, eg skal prøve å gjennomføre studiane på best mogleg måte.

Kva skal du gjere når du er ferdig med ein bachelor i industriell design?

– Målet er å verte industridesignar, då kan eg jobbe med alle type næringar.

Har du ein draumejobb?

– Nei, eg veit ikkje heilt kva som er draumearbeidsplassen. Men det eg veit, er at eg har lyst til å designe eit produkt som verda enno ikkje veit at den treng. OG: eg har også lyst til å bidra i denne omstillingsprosessen som er i maritim næring no. Planen min er nemleg å flytte heim til Sunnmøre på eit eller anna tidspunkt, fortel Malene Liavaag.

fagprøve: Malene Liavaag og Hilde Kristin Thomassen (også frå Hjørungavåg) tok fagprøve i industrirøyrleggarfaget på Kleven. FOTO: Privat Foto: Privat
STIPEND: På Verftskonferansen 2017 fekk Malene Liavaag (i midten) 25.000 kroner i stipend frå Skipsbyggerienes fond for forskning og utdannelse. Også Gunn-Marit Maurstad Nerem frå Kongsberg Evotec fekk stipend. Foto: Norsk Industri Foto: Norsk Industri