Ho fortel at leiargruppa har arbeidd fram budsjettet i fellesskap og dei stiller seg samla bak dette. Ho har også hatt møte med hovudtillitsvalde, som synest det er eit godt budsjett.

Vikebladet Vestposten møter henne på det mellombelse rådmannskontoret i lokala til Hareid Elektriske. Ho presiserer at det er opp til formannskapet kor omfattande oppussinga på rådhuset blir. Men ho meiner det er fornuftig å ta det no.

– Rådhuset er storforbrukar av straum, seier ho. Rådhuset brukar over dobbelt så mykje straum som Hadartun. Berge veit førebels ikkje kor mykje kommunen kan spare på å bytte vindauge og dører, men ho seier det er snakk om fleire hundre tusen kroner kvart år.

Mange behov

Etter mange år i ROBEK-registeret har det bygt seg opp mange behov i Hareid, både av investeringar og til drift. Skal Hareid byggje eit helsehus til 160 millionar, eller meir, vil det binde opp store delar av kapitalen til kommunen, forklarer Berge.

Helsehus må kommunen ha, der skal både legesenteret og helsestasjonen inn. Det skal også ressurssenteret. Men det er førebels uvisst om det samanslåtte NAV-kontoret og tannhelsetenesta skal inn der. Det må nemleg ut på anbod.

Berge føreslår difor at dei byggjer eit rimelegare bygg, til 50 millionar.

Ho vil elles nytte ein del pengar på sentrumsutvikling. Helsehuset er ein del av sentrumsutviklinga, men ho ønskjer også å få til miljøgata og park.

– Det er teikna ein fantastisk park! Skal ein satse alt på eitt kort, eller skal ein spreie litt? Ein får ikkje til alt, seier Berge som meiner kommunen må stoppe litt opp og spørje seg kva ein bør prioritere.

Ho har lagt fram tre alternativ, så er det opp til politikarane å velje. Men om dei går for det opphavleg planlagde helsehuset, må dei skriv opp eigedomsskatten til 3,25 promille for å finansiere huset. Ho ser ikkje andre alternativ. Drifta er stram frå før.

Ikkje kommunal fotballhall

Når ein lagar budsjett er det viktig å prioritere, det er ikkje pengar til alt. Noko ho ikkje har funne pengar til er bygging av fotballhall i kommunal regi. Ho meiner heller private får byggje hallen, så kan kommunen heller støtte i drifta.

– Det betyr ikkje at me ikkje ønskjer liv i bygda, presiserer ho. Men kommunen kan ikkje drive alt, her må ein inngå partnarskap og fleire aktørar må samarbeide.

Kyrkje og kultur

Rådmannen ønskjer også å prioritere å få på plass ei kulturstilling i kommunen.

Kyrkja treng oppussing. Kommunen kan ikkje ta alt i 2018, men startar med å løyve 200 000 kroner for å ta golvet. Stillinga som kyrkjeverje vil også bli justert opp frå 80 prosent til 100 prosent.

Pengar til næringsutvikling

Kommunen har høg arbeidsløyse, og rådmannen vil snu den negative utviklinga. Difor er det også sett av pengar i budsjettet til næringsutvikling.

Fylket har tilbode Hareid pengar for å stimulere til ny vekst, men krev at både kommunen og næringslivet stiller med eigendel.

Styret i Hareid næringslag har sagt at dei stiller med sin eigedel, og Berge føreslår at kommunen også gjer det. Det er i budsjettet løyvd 400 000 kr + 100 000 kr i arbeidskraft frå tilsette.

I Prosjekt Vekst Hareid vil det bli tilsett ein prosjektleiar som vil snakke med bedriftene om kva dei treng og ta tak i det. Næringslaget har hatt eit møte om dette der det møtte opp 60 stykke og det var stort engasjement. Så dette har Berge stor tru på.