Denne veka blei det klart at fylkespolitikarane i Rogaland ikkje får stansa privat ferjedrift over Høgsfjorden på E39, trass i at den undersjøiske tunnelen Ryfast blir opna der i 2019. Både Rogaland fylke og Stortinget var samde om at ferjesambandet skulle leggjast ned når Ryfast skal opne. Men når private ferjeselskap meiner det er pengar å tena, så får dei likevel lov til å halde fram ferjedrifta.

– Det vil gå ut over bompengeinntektene i Ryfast, og det betyr også at heile draumen om ein ferjefri E39 på Vestlandet er sett i spel, seier leiar i Samferdsleutvalet i Rogaland, Arne Bergsvåg (Sp) til NRK.

Også i Hordaland finn ein liknande problematikk. Det er det planar om at ei flytebru på E39 frå Stord til Os, det såkalla Hordfast-sambandet, skal erstatte den noverande ferjestrekninga.

– Vi ser etter kvart ganske mange bompengesamband der inntektene byrjar å svikta, seier Askeland. Og Hordfast har ein veldig høg bompengesats, så det prosjektet kan bli lønsamt for eit kommersielt ferjesamband, seier Jon Askeland er leiar i Samferdselsutvalet i Hordaland til statskanalen.