Kvit lasagne er utan tomatsaus og har i staden ein fyldig og krema konsistens av kvit saus med fløte og ost. Saman med den kvite sausen er det smakar som kylling, spekeskinke, spinat og kantarell som gir ei herleg smaksrik oppleving.

Klassisk lasagne med tomatsaus med kjøtdeig er alltid velkomen på bordet, men nokre gongar smakar det ekstra godt med noko nytt og spanande som eit friskt avbrot. Denne lasagnen er ganske mektig på smak og derfor smakar det ekstra godt med ein grøn salat og frisk vinaigrette til som gir fin balanse.

Ingrediensar for 4-6 personar:

• 400 g kjøtdeig av kylling

• 200 g kantarell (evt. annan type sopp)

• 2 fedd kvitløk

• 2 sjalottløk

• 200 g fersk spinat

• 100 g spekeskinke

• 200 g kremost naturell

• 2 dl kyllingkraft

• 3 dl matfløte

• 1-2 ss tørka basilikum

• 2 ts tørka oregano

• salt & pepar

• smør, til steiking

• ca. 150-200 g ost (gjerne blanding av mozzarella/jarlsberg/parmesan)

• ca. 8-9 lasagneplater

Forvarm steikeomnen til 200 grader C.

Varm opp ei steikepanne og steik kjøtdeiga på høg varme med ein klatt smør til den får gylden steikeskorpe. Set til sides. Steik kantarellen gylden og ha i smør mot slutten av steiketida. Set til sides saman med kjøtdeiga. Skru ned varmen og ha i litt olivenolje i panna. Finhakk sjalottløk og kvitløk og la det surre på middels varme til løken er mjuk og blank. Ha i spinat og steik til spinaten har krympa saman. Riv opp mesteparten av spekeskinka (men spar på litt til toppen av lasagnen) og ha i panna. Tilset kremost og rør godt rundt i panna til alt er blanda saman. Ha i kyllingkraft, matfløte, basilikum og oregano og lat det heile få eit oppkok. Kok i nokre minutt til sausen har tjukna litt i konsistens. Ha i kjøtdeig og kantarell og bland. Smak til med salt og pepar.

Finn fram ei eldfast form på ca. 25 cm x 20 cm. Legg eit lag med saus-og kjøtblandinga i botnen av forma. Deretter eit lag med lasagneplater. Hell over eit lag med saus og deretter lasagneplater igjen og hald fram slik til du får brukt opp alt. Til slutt toppar du med mozzarella som du riv i små klattar, riven kvitost og eit lite lag riven parmesan. Legg på nokre skiver med spekeskinke rundt om på toppen. Desse blir sprø og gyldne under steiking og gir ein fin smak til lasagnen. Set midt i omnen og lat steike i ca. 30 minutt, til osten er gylden og sprø. Server gjerne med grøn salat og ein vinaigrette-dressing.

Mari-Lene Korsnes

OM SPALTISEN: Mari-Lene Korsnes er for tida student i Matkultur og helse ved Høgskulen i Volda, jobbar som butikkmedarbeidar og driv i tillegg matbloggen www.medhjerteformat.com. - Min store lidenskap her i livet er mat og då spesielt mat laga frå botnen av. Eg håper med dette å kunne inspirere og påverke andre til å eksperimentere og kose seg med matlaging. Foto: Privat