2018 blir det første heile budsjettåret der Hareid kommune er ute av ROBEK. I 14 år har kommunen spara og arbeidd for å dekke over tidlegare driftsunderskot.

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge skriv at kommunen driv særs effektivt på dei fleste fagområde, noko dei skal halde fram med.

– Men behova er mangfaldige, etterslepet er stort og forventningane mange, skriv ho.

Dårleg med inntekter

Men sjølv om kommunen er ute av ROBEK-registeret er ikkje kommunen nokon rik kommune, med mykje pengar til å investere for. I budsjettframlegget (som i sakspapira heiter Handlingsprogram) har ho lagt ved fleire grafar som viser korleis inntektene til Hareid er samanlikna med andre kommunar. Her kjem det fram at brutto driftsinntekter per innbyggjar er lågare i Hareid enn både fylkessnittet og landssnittet. Brutto driftsutgifter er også langt lågare i Hareid enn i fylket og landet.

Berge skriv at om ein finansierer investeringar med lån, vil nedbetaling av desse låna gå utover drifta, som alt er låg.

Då Hareid innførte eigedomsskatt i 2014 var det politikarar som sa at denne skatten berre skulle vere til Hareid hadde kome seg ut av ROBEK-registeret. Men rådmannen foreslår å vidareføre skatten, og det med høgare innkrevjing.

Hareid har no ei innkrevjing på to promille av likningsskatten på bustaden. No vil ho heve skatteinnkrevjinga på bustader til 2,5 promille. Noko som vil gje kommunen meir pengar å bruke.

Billegare helsehus

I budsjettet kjem det fram at det er ikkje sikkert at NAV og tannhelsetenesta vil halde til i det planlagde helsehuset. Dei må nemleg ut på anbod før dei skaffar seg nye lokale.

Helsehuset er til no kostnadsrekna til 160 millionar. Men rådmannen tar til orde for å byggje eit mindre og billegare helsehus. Ho konkluderer med at kommunebudsjettet ikkje toler den belastninga eit så stort lån vil medføre for driftsbudsjettet. Ved å auke eigedomsskatten med 0,5 promille kan dei få råd til eit helsehus til 50 mill.

Skal helsehuset til 163 mill. realiserast må dei skru opp e-skatten til 3,25 promille.

Oppussing av rådhuset

– Rådhuset er det kommunale bygget som er i dårlegaste forfatning, står det i budsjettet.

Ytterveggane på rådhuset inneheld asbest. Rådmannen meiner veggane bør renoverast så snart som mogleg. Vindauga og dørene isolerer dårleg, difor vil ho også skifte dei. For å spare pengar og gjere oppussinga mest mogleg effektiv ønskjer ho at dette blir gjort no, når dei likevel er i gang med å skifte takhimlingar og lysarmatur.

Oppussinga førte med seg så mykje støv og støy at dei tilsette på rådhuset for tida held til i Myrane 11. Der betaler dei ei husleige på 100 000 kr i månaden. I budsjettet for 2018 er det lagt inn 400 000 kr i husleige i Myravegen.

I tillegg er det lagt inn ei oppussing av rådhuset til seks millionar, men det er førebelse tal.

Aasen-parken

Rådmannen meiner det er viktig å setje i stand parken, dette er eit tilbod for alle aldersgrupper og skaper bulyst i kommunen.

Risneset industriområde

Det er også budsjettert med å starte detaljregulering av industriområde på Risneset, jamfør kommuneplanen.

Prosjekt Hareid

Det blir også budsjettert med å bruke 400 000 kroner til eit samarbeidsprosjekt mellom kommune, næringsliv og fylket for å snu den negative utviklinga i næringslivet i Hareid.

Hareid elektriske: For tida held Hareid rådhus til i lokala til Hareid elektriske. Kor langvarig opphaldet blir er førebels uklart. Det er opp til politikarane kor mykje av oppussinga som skal takast no. Foto: Ingvild Aursøy Måseide