Alle anlegg som skal få godkjent søknad om tilskot frå spelemidlane må vere med i prioritert handlingsprogram i kommuneplan for idrett og fysisk aktivitet (KIF-planen). Når politikarane i Ulstein no rullerer planen, er det for å ta med tiltak som ein tar sikte på å realisere eller søkje spelemidlar for i planperioden.

Men Knotten reagerte på at ny turnhall på Høddvoll låg inne med 10 millionar kroner i forslaget til plan.

– Då vil eg stille meg spørsmålet om me ikkje snart har nok, sa Knotten og meinte at det er mange hallar i kommunen som kan brukast før ein byggjer ein eigen turnhall. Han frykta at om kommunen byggjer ein ny turnhall, vil det kome fleire idrettar etter som vil ha eigen hall.

Har hatt møte med Hødd turn

Rådmann Verner Larsen orienterte om at det er vore eit møte mellom kommunen og Hødd turn. Dei sa det var to alternativ. Anten utvide på Skeide, der dei held til i dag. Eller føre opp ein ny hall ved Ulsteinhallen. Dei såg på det sistnemnde alternativet som mest aktuelt.

Han sa at dette ikkje har vore til politisk handsaming, men det er eit prosjekt som blir jobba med.

Knotten presiserte at han ikkje vil hindre at det blir bygt ein ny turnhall, men kommunen bør heller satse på dei hallane ein har.

Renathe Rossi-Kaldhol (Ap) lurte på om turn ikkje skulle få vere litt i Ulstein Arena? Turn er vel ein idrett med ein del utstyr som det er litt arbeid med å flytte fram og tilbake.

Larsen var ikkje sikker på om det er lagt til rette for turn i Ulstein Arena og Ulsteinhallen.

Ordførar Knut Erik Engh spurte om det ikkje var slik at turnhallen var ført opp for at det skal vere mogleg for dei å søkje spelemidlar.

Larsen svara at idrettslaget kan få utbetalt spelemidlar, utan at kommunen står oppført som utbyggjar.

Knut Kleiven (H) ville vite om det var fleire tiltak i planen som ikkje var politisk handsama.

Då svara Engh at det blir politisk handsama gjennom denne saka, men då sa Larsen at saka om KIF-planen ikkje er noko politisk godkjenning av eit prosjekt. Kommunen forpliktar seg ikkje til utbygging gjennom dette, det er meir snakk om ei prioriteringsliste.

Den prioriterte KIF-lista

Ulstein formannskap valde å følgje tilrådinga frå fellesrådet og levekår.

Handlingsprogram nærmiljøanlegg/leikeplassar 2016–2018

1. Ballbinge Dimna.

2. Onglasætra aktivitetspark.

3. Tuftepark Bugardsmyrane.

4. Sykkelbane/-anlegg Ulstein og Omegn sykkelklubb.

5. Ballbinge Haddal.

6. Ballbinge Eiksund.

7. Friluftsanlegg Osnessanden.

8. Aktivitetspark Ulsteinvik barneskule.

9. Nærmiljøanlegg Ulsteinvik barneskule.

10. Helseløype Alvehaugen.

11. Merking og skilting av turstiar.

Handlingsprogram ordinære anlegg 2016–2018

1. Ulstein Arena.

2. Ulstein Arena, badeanlegg.

3. Garderobar Høddvollhuset.

4. Kunstgrasbane Høddvoll.

5. Flaumlys Høddvoll.

6. Undervarme Høddvoll.

7. Kunstgrasbane Hasundgot.

8. Kunstgrasbane Haddal.

9. Universelt forma ut turveg Bugardsmyrane-Osberget.

10. Garderobar driftsbygg Hasundgot klubbhus.

11. Rehabilitering kunstgrasbane Høddvoll 2.

12. Turnhall Høddvoll.

13. Turveg Gamleeidet -Vikeskaret.

14. Turveg Breifjellet – Årdalen

15. Turveg Fjelle-Hasundhornet

16. Rehabilitering av gamle Hødd stadion.