Måndag 13. november sa Hareid formannskap ja til ein avtale som inneber at kommunen kjøper tomtene til Holstad Rør AS og Kveldro ANS, i Hareid sentrum. Målet er å plassere det nye helsehuset i Hareid på desse tomtene.

Avtalen seier at Holstad Rør AS skal ha 8,1 million kroner for salet, medan kommunen skal punge ut med 2,4 millionar kroner for eigedomen til Kveldro (John Henry Holtet).

På bordet til Hareid formannskap låg eit brev frå Oskar Grimstad (Framstegspartiet). I brevet står det at Hareid Framstegsparti er uroa over uklarheit rundt kostnadene på tomta som er valt. Grimstad viser blant anna til meirkostnader knytt til flytting av trafobygg og etablering av parkering, veg, vatn og avløp. Og han bad kommunen om å få desse meirkostnadene avklart skriftleg og lagt fram for kommunestyret medan det enno var tid til å vurdere alternative tomter.

Eit av argumenta for ikkje å velje tomta ved Hamnesenteret har vore at ho ligg innanfor raud sone i forhold evakuering etter ei eventuell utgliding i Åkenesremna. Oskar Grimstad hevda at byggjenemnda hadde uttalt at det derfor ikkje gjekk an å byggje helsehus på denne tomta. Dette avviste ordføraren.

– Vi har sagt at Hamnesentertomta tomta ligg i evakueringssona, men vi har sagt at det går an å byggje der. Vi meiner likevel at det ikkje er tilrådeleg, understreka han.

Nokre dagar etter formannskapsmøtet fekk kommunen svar frå Fylkesmannen på om det er tilrådeleg å byggje helsehus i ei evakueringssone. Svaret er at det ikkje er noko i plan- og bygningslova som hindrar eller set restriksjonar på utbygging innanfor ei evakueringssone. Men at ei evakueringssone likevel vil vere eit viktig moment i vurderinga av tenleg utbygging. Til dømes i bygg der bebuarane ikkje kan evakuere seg sjølve. Når slike funksjonar er plassert i ei evakueringssone må det utarbeidast planar for gjennomføring av evakuering, og desse planane må jamleg oppdaterast og øvast på. Ved å plassere kommunale funksjonar i ei evakueringssone, tek kommunen på seg eit meirarbeid, kommenterer Fylkesmannen.

NAV-kontrakt må ut på anbod

Under formannskapsmøtet uttrykte Kristian Fuglseth (Folkelista) uttrykte uvisse om kva som skal inn i helsehuset, og formannskapet vart truleg uroa over svaret frå rådmannen:

-Vi har nettopp fått beskjed om at ein leigekontrakt med Nav må ut på anbod. Så verken Nav eller distriktstannklinikken er per i dag sikre leigetakarar i bygget, sa rådmann Velsvik Berge.

Ho varsla politikarane om at ho med det første kom til å ta eit initiativ til ei drøfting om kor stort helsehus ein kunne leggje opp til å bygge.