Eigarane og drivarane av Folk Spiseri går «all-in» og satsar på ein butikk som er tilknytt Folk Spiseri, med det fengjande namnet Folk Skafferi.

– Vi skal selje mykje lokalprodukt frå Sunnmøre og Nordvestlandet, men også frå mange stader kring om i Norge. Det alle leverandørane våre har til felles er at det er småskalaprodusentar, seier Ingrid Margrethe Ulstein og Thor Erik Andersen til Vikebladet Vestposten.

I byrjinga blir det mykje spekemat og ost å finne i butikken.

– Når det nye tilbodet kjem skikkeleg i gang blir det å få på plass fleire varer, inkludert kjølevarer, fortel Ingrid Margrethe Ulstein.

Les lengre intervju med drivarane i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.