Prosjektstillinga som no er lyst ut skal gå over to år, og er ei 50-prosent stilling. Rektor Margaret Alme ved Ulstein vidaregåande skule ser føre seg at den som får stillinga bør vere eit kreativt menneske som har god samfunns- og industrikontakt, og som kan, eller har lyst til å lære meir om skulen.

Prosjektstillinga kjem i kjølvatnet av at Ulstein kommune har satsa på teknologiundervisning både på barne- og ungdomstrinnet i skulen. Ulstein kommune har fått økonomisk støtte frå Regional- og næringsutvalet til dette.

Men ei slik satsing bør ikkje stoppe når ungdomsskuletida er over. Rektor Margaret Alme fortel at Ulstein vidaregåande skule har hatt fleire møte med industrien og Ulstein kommune om dette.

– Det har enda opp med at vi har blitt samde om å få i gang ei prosjektstilling som skal finne ut om det bør opprettast eit nytt tilbod her ved skulen. Digitalisering, teknologi og automatisering er dei store moteorda, og målet med prosjektstillinga er altså å finne ut om vi skal satse sterkare på denne typen fag, forklarer Alme.

– Ser du føre deg ei eiga klasse for digitalisering, teknologi og automatisering?

– Nei, det veit eg ikkje. Vi må først finne ut kva regionen her treng, og også korleis utviklinga vil gå nasjonalt. Utdanningsdirektoratet har også vakna på dette området, og saman med Molde vidaregåande skule har UVS søkt om å få starte opp eit nytt fag for Programmering og modellering X, svarer Alme.

Men tilbake til prosjektstillinga som no er lyst ut. Søknadsfristen er 26. november, så interesserte bør raske på. Og kva som kjem ut av prosjektet om to år, kan naturlegvis ikkje Margaret Alme svare på i dag. – – Kanskje blir det ei ny linje ved skulen, kanskje blir resultatet nye fag eller studiespesialisering. Eller kanskje blir det til at vi fornyar TAF-ordninga (tekniske og allmenne fag). Vi får sjå kva konklusjonen blir, seier Alme.

Audun Hopland har vore prosjektleiar for Ulstein kommune si satsing på teknologi i skulen, og Alme kan rapportere om eit godt samarbeid både med han og med Gry Nordal, kommunalsjef oppvekst.

Anne Gry Eilertsen