I saklista til Sunnmøre tingrett er saka oppført med «krav om prisavslag som følgje av manglar ved nyoppført bustad».

Huset stod ferdig i 2013, og ifølgje advokat Marthe Strandmann Urvik, som representerer huskjøparen, gjeld striden ròteskadar på terassedekket.

– Saka har vore oppe i forliksrådet og der fekk min klient medhald i at det skal gjevast eit prisavslag, seier Urvik.

Byggfirmaet var ikkje fornøgd med avgjerda i forliksrådet og har difor saksøkt huskjøparen.

Advokat i Byggmesterforbundet, Camilla Stenumgård, representerer byggfirmaet, og ho seier at ho ikkje har nokon kommentar til saka.

Sunnmøre tingrett skal bruke ein dag til saka i desember.