Skeptisk til ombygging av sjukeheimen

Kommunalsjef for Velferd, Berit Aasen, var sjuk og difor ikkje til stades på budsjettmøtet til Hareid formannskap.

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge orienterte difor om tiltaka som velferdstiltaka som er prioritert i budsjettet. Den eine investeringa er nytt alarmsystem. Den andre investeringa er å byggje om fjerdeetasjen på Hareid sjukeheim til kontor, så skal ein få dagsenter for demente i tilknyting til sansehagen. Kommunalsjefen har signalisert at dette er veldig viktig å få til. Kommunen vil om få år bli lovpålagt å ha dagtilbod for denne gruppa. Dessutan er det veldig lurt å ha det. Det gjer dei i stand til å bu heime lenger enn om dei ikkje hadde eit slikt tilbod, og sparer kommunen for sjukeheimspasientar. Og kommunen sparer pengar på at folk ikkje treng sjukeheimsplassar, men kan bu heime lengst mogleg.

Aasen har også sagt frå at det er viktig at dei får betre kontor. Dei treng å samle leiinga innan velferd i eit felles kontorfellesskap for å drive effektivt og godt.

Men Oskar Grimstad (Framstegspartiet) var usikker på om dette var ei klok og framtidsretta ombygging. Han hadde vanskeleg for å forstå at det er kontorlokale som trengst mest i velferdssektoren.

Han meinte det er 5–6 rom i fjerdeetasjen. Grimstad kjende til at det er folk i dag utan rom, det må då vere betre for dei å bli plasserte i fjerdeetasjen? Han viste også til den varsla eldrebølgja, og synest det er rart at kommunen byggjer ned sjukeheimsplassar.

Men rådmannen svara at dei tilsette innan velferd ikkje synest det er optimalt å ha pasientar buande i fjerdeetasjen. Det er tungvint å kome seg dit. Dei eldre må gjerne ha hjelp for heisdøra er så tung. Dessutan er romma små, og dei må dele bad.

– Det er ingen som bur på romma no, så det blir ikkje færre sjukeheimsplassar, sa Berge.

Men det hadde Grimstad vanskeleg for å forstå. Ein kan plassere dei minst ressurskrevjande brukarane i fjerdeetasjen. Han hadde også vore i kontakt med fleire tilsette som var skeptiske til ombygginga av sjukeheimen.

Ordførar Anders Riise kjende til at der hadde budd fleire stykke i den etasjen sist vinter, så ein treng ikkje å gå så langt tilbake i tid før etasjen var i bruk.