– Vi kan ikkje berre sitte heime. Det må vere litt «action». Vi har lyst til å jobbe og til å gjere noko, fortel Abdulsattar Herh.

Begge to kom til Norge som flyktningar frå Syria og er no busette i Ulsteinvik. Sami er 26 og Abdulsattar er 27, begge frå Aleppo. Sami budde ei periode i Finnsnes, medan Abdulsattar budde på Tingvoll før dei vart busett i Ulsteinvik.

Frå storby i Syria

Men sjølv om dei er frå same byen i Syria, så var det først då dei kom til Ulsteinvik at dei to vart kjende.

– Aleppo er trass alt ein by med over 5 millionar innbyggjarar, smiler Abdulsattar.

Line Urke rosar både dei to ivrige medhjelparane sine, men også verksemdene i Ulsteinvik, som har vist stor glede over tiltakslysta.

– Mellom anna har Magnar Kvalsund på Café Nova gitt beskjed om at dei kan kome dit for å få seg middag og for å få varme seg, fortel Urke.

I tillegg til å pynte trea utanfor rådhuset, har karane mellom anna vore med på å pynte færingen nedanfor Kaffibaren.

Sami og Abdulsattar får norskundervisning gjennom introduksjonsprogrammet i Ulstein kommune. Dei to har ikkje vore meir enn om lag eitt år i Ulsteinvik, men språket har byrja å kome på plass. Gjennom det frivillige arbeidet får dei også sjansen til å lære meir.

– Ja, for det er ikkje nok å berre snakke norsk på norskkurs, ein må også bruke det utanom, slår Herh fast.

Vil studere vidare

Måndag var lokalavisa ein tur innom leilegheita der dei to karane bur i Ulsteinvik. Dei to har tidlegare på dagen vore på norskkurs på Ulstein kompetansesenter, men er no tilbake på bupælen der dei også har pynta opp. Midt på stovebordet står ei knallraud julestjerne.

– Det er fint med litt farge, smiler Abdulsattar.

Han studerte IT på universitetet før han måtte flykte frå heimlandet. Romkameraten fortel at han jobba som snikkar og treskjerar, men at han også er interessert i data, men då meir som ein hobby.

– Eg håpar på å kunne fortsette på universitetet og at eg kan bli ferdig med graden min. Når eg er ferdig med det så håpar eg å kunne jobbe fast med IT. Det trur eg at eg skal få til, fortel Herh.

Håpar på praksisplass

Sami Razouk seier han gjerne skulle tatt fagbrev som tømrar, men at han manglar nokre vidaregåande fag.

– No har eg lyst til å jobbe med å bygge hus, og håpar eg vi skal finne ein praksisplass i området slik at eg kan starte over nyttår, fortel han og legg til at dette er noko dei får hjelp til gjennom flyktningkontoret.

På sikt håpar han å kunne skaffe seg fast jobb som bygningsarbeidar.

Begge to fortel at dei trivst i Ulsteinvik, men Abdulsattar Herh legg ikkje skjul på at det var uvant å flytte til ein såpass liten stad. Han fortel at han godt kunne tenke seg å bu i ein større by på sikt.

– Ulsteinvik er ein fin plass, men det er litt lite. Eg likar veldig godt å vere sosial og det er normalt i Syria. Vi likar å ha mykje omgang med andre, snakke med folk og sånne ting. Det er ein del av kulturen vår, fortel han.

For å ha noko å gjere på utanom norskkurs og jobb er ikkje dei to framande for å trå til dersom det er noko som skal gjerast.

– Dersom nokon spør om hjelp så har vi lyst til å hjelpe til. Om vi kjenner dei frå før eller ikkje er ikkje så farleg, smiler Abdulsattar og Sami.

Ønskjer å hjelpe: Sami og Abdulsattar fortel at dei mykje heller vil vere ute og hjelpe folk enn å berre sitte heime. Slik får dei både sosial kontakt og dei får språktrening utanom norskkursa. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes