Ståle Rasmussen kan ikkje seie noko til Vikebladet Vestposten om kor lenge han vil halde fram som konsernsjef I Kleven.

– Det er ein prosess. Det er styret som gjennomfører prosessen, svarer han. Han legg til at han vil jobbe i Kleven ein periode til, til dei har funne ein etterfølgjar.

– Eg er i disposisjon så lenge det trengst, i utgangspunktet, seier han og reknar med det blir nokre månader.

– Kva planar har du etterpå? Blir det ein lang ferie?

– Ja, ein ferie må eg ha. Eg har ikkje hatt ferie på to år, men om han blir så lang veit eg ikkje. Det er ikkje det som skjer primært etterpå. Eg skal jobbe innan industri, røper han.

– Blir det innan Kleven?

– Nei, det blir det ikkje, svarer han og vil ikkje røpe meir om den framtidige jobben.

– Kor lenge har du vore konsernsjef i Kleven?

Eg har vore konsernsjef sidan 2008, og arbeidd i konsertet i 16 år, så det er ei god stund, svarer Rasmussen.