– Det er ikkje snakk om så veldig mykje, men noko er det, seier Tina Eilertsen.

Ho jobbar med etablering og utbygging i YX Norge.

Må rydde opp

YX Norge dreiv bensinstasjonen på tomta, som no skal fjernast. Rune Urke i Ulstein Eigedomsselskap, UEKF, fortel at YX er ansvarleg for å ta vekk pumpene, leidningar og tankane som var tilknytt bensinstasjonen.

– Det er dei som skal rydde opp etter seg, seier Urke.

Han stadfestar at det under dette arbeidet vart oppdaga ureining i grunnen, på grunn av lekkasje frå tankane.

Gamle tankar

Tina Eilertsen i YX Norge fortel at dei er godt i gang med å fjerne massen som er ureina.

– Det var ikkje overraskande, vi hadde venta å finne ureining under ein så gamal bensinstasjon, fortel ho.

Er det mykje drivstoff som har leke ut?

– Nei. Det som ligg der er nok veldig gamalt. Drivstofftankane vart skifta ut for rundt tjue år sidan, og vi har ingen grunn til å tru at det har vore lekkasje frå dei nye tankane, seier Eilertsen.

Det er Hareidsfirmaet Brekke & Kleppe som har fått oppdraget med å fjerne den ureina massen.

– Den vert køyrd som spesialavfall og levert i Trondheim, seier Trine Eilertsen.

Kor mykje har dette kosta YX Norge?

– Eg har ikkje lyst til å oppgje eksakt sum, men det er snakk om nokre millionar kroner.

Leilegheiter

På tomta skal det byggast leilegheiter. Selskapet Rome AS vil bygge tre leilegheitsblokker i prosjektet, som har fått tittelen Bjørndalvegen Park. Til saman er det planlagt 46 leilegheiter.

Bygginga skulle eigentleg starte rett etter sommaren i år, men Rome AS må vente til YX Norge er ferdig med ryddinga.

– Det har gått lenger tid enn vi hadde venta, men no er vi i rute. Vi byrjar å bygge så raskt som råd, etter at YX har rydda tomta, sa Jogeir Romestrand i Rome AS til Vikebladet Vestposten tidlegare denne månaden.