Marius Robach, Sunnmørsposten:

Kleven-konsernet i Ulstein har vore gjennom krevjande år med underskott og jakt på nye eigarar. Tysdag blei det klart at det også blir endringar i toppen, etter at konsernsjef Ståle Rasmussen og det nye styret «er einige om å starte ein prosess for finne Rasmussen sin etterfølgjar».

Styreleiar Leif Teksum seier det samstundes vil vere naturleg at Kleven vurderer kursen for framtida:

– Vi har mange fordelar, men også ein del utfordringar. Med den marknadssituasjonen vi har no, må vi kanskje spisse strategien.

Dialog med eigarar

Teksum seier det nye styret vil ha ein dialog om dette med eigarane. Mellom dei nye eigarane finn vi mellom anna Hurtigruten sine eigarar, fondet TDR og forretningsmannen Petter Stordalen.

Då konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten besøkte verftet på Sunnmøre i haust, la han vekt på at det var venta stor etterspurnad etter mindre cruiseskip.

Hurtigruten-sjefen om ny marknad: – Berre starten (for abonnentar)

Stordalen har ingen planar om Kleven-yacht: – Eg har ein båt som ikkje er Gunhild sin favoritt (for abonnentar)

Etter at offshoremarknaden kollapsa, har Kleven fått kontraktar både på fiskeri, ferjer, gruveskip og luksusyachtar. I sistnemnde marknad har Kleven også fått tyske Lürssen på eigarsida - som var avgjerande for den nye kontrakta på luksusyachten dei presenterte førre veke.

Luksusyacht skal byggjast frå botnen: Nye kontraktar gir arbeid til fleire tusen (for abonnentar)

Meir eige design?

Eit aktuelt tema for Kleven er å gjere meir av designjobben sjølv:

– Kleven har markert seg med å finne nye segment og i dag nyttar vi mange underleverandørar og har mange ulike kundar. Vi må vurdere kva vi skal levere sjølv og eitt av spørsmåla er om vi framleis skal basere oss på eksterne designselskap, seier Teksum.

Både Ulstein og Vard har eigne designarar som gir store inntekter til konserna.

– Det er eit samansett bilde og vi har ikkje avgjort dette. Men svaret på dette og andre viktige spørsmål vil vere avgjerande for vegvalet framover, seier styreleiaren.

Ikkje pensjonist

Konsernsjef Ståle Rasmussen fylte 60 år, men har ikkje tenkt til å bli pensjonist:

– Det er heilt uaktuelt. Eg har alltid vore van med å jobbe og har tenkt til å gjere det til eg blir 70.

Rasmussen medgir at det har vore nokre «vanvitig intense år», men at han framleis vil jobbe i maritim industri. Han er også kjend som ein habil musikar, men avviser lattermildt at det er ein aktuell leveveg:

– Musikken har vore ein kjær hobby, og slik vil det nok halde fram.

Denne artikkelen vart først publisert på smp.no