– Vi har sett på kva det kostar ved andre badeland, fortel kultursjef Leif Ringstad.

Han har samanlikna prisane på Sunnmørsbadet, Moldebadet og Lustrabadet.

På nivå med Sunnmørsbadet

Kultursjefen fortel at prisane ikkje var spikra før for nokre dagar sidan.

– No har vi landa. Vi er på omtrent same nivå som Sunnmørsbadet, litt under på nokre tilbod og på same nivå på andre tilbod.

Fleire av prisane er lågare enn dei Leif Ringstad presenterte for formannskapet 7. november.

– Levekårsutvalet og Fellesrådet kom med innspel om at prisane for familiar burde justerast noko ned, fortel Ringstad.

Ulike billettar

Det er ulike prisar for kvardagar og helg, og det er mogleg å kjøpe både enkeltbillettar, årskort, abonnement og gåvekort.

Spesielt prisen på årskort har mange vore spente på. «Familie» er ifølgje kommunen definert som foreldre og born i husstanden.

Årskorta vil koste følgjande:

Barn/honnør:

2800,-

Vaksen:

3500,-

Familie 2 personar:

4900,-

Familie 3 personar:

5800,-

Familie 4 personar:

6500,-

Familie 5 personar:

7000,-

– Eg trur at dette er ok prisar, både for dei som skal bade ein gong i ny og ne og for dei som vert storbrukarar av anlegget, seier Ringstad.

Opningstider

Badeanlegget vert stengt for folk flest på dagtid på kvardagane, då skal det vere skulebading.

Såkalla fritidsbad skal det vere mellom klokka 16 og 21 på kvardagar, laurdagar mellom 11 og 17 og søndagar mellom 12 og 18.

– Dette er i alle fall utgangspunktet, vi får sjå det litt an, seier kultursjefen.

Mange har ytra ønske om morgonbading, er det aktuelt?

– Ja, det er noko vi vil sjå på om det er mogleg å få til.

Damebading?

Kultursjefen er inne på Ulstein Arena medan han snakkar med lokalavisa på telefon. Han ventar på ordførar Knut Erik Engh, som skal få lov til å prøvebade i anlegget.

Ringstad fortel at han har fått eit innspel om bruk av badeanlegget:

– Ja, eit av innspela er at enkelte gjerne vil ha tilbake damebadinga. Eg trudde vel eigentleg det høyrde historia til, at kvinner ville ha eigne tidspunkt i badeanlegg. Men dette skal vi absolutt vurdere.

Innsyn og utsyn

Mange har peika på at ein kan sjå rett inn i badeanlegget frå gata. Leif Ringstad trur ikkje dei badande vil oppleve det som eit problem.

– Dei vil vere mest i bassenget, vil eg tru. Og så er det også utsyn frå anlegget. Men eg skjønar at dette med innsyn frå gata er litt uvant for folk, ja.

Kommunen har rekna ut at dei treng 35 tusen betalande besøkande i året, noko Ringstad håper og trur er oppnåeleg.