Det er Axel Fiske som er leiar i prosjekteringsgruppa for Ulstein Arena. Han er arkitekt i Lund+Slatto Arkikteter. Fiske vil førebels ikkje seie så mykje om usemja mellom prosjekteringsgruppa og Ulstein Eigedomsselskap, men:

– Eg kan stadfeste at vi har litt ulik oppfatning om ein del ting. Men eg synest vi har ein konstruktiv og positiv dialog gåande med Rune Urke i eigedomsselskapet, seier Axel Fiske.

Ulstein Arena opnar laurdag 2. desember,  og skal romme bibliotek, klatrehall, idrettshall og badeanlegg.

Axel Fiske fortel at han skal vere med på opninga.

Parkering og moms

Eigedomsselskapet har arbeidd med å selje parkeringsplassar i anlegget. I rapporten til formannskapet skriv dagleg leiar i Ulstein Eigedomsselskap, Rune Urke,  at dei enno ikkje har signert kontraktar for sal av plassar.

Heller ikkje spørsmålet om momskompensasjon for badedelen av anlegget er avklart.

– Skatt Midt har vore på synfaring. Det vart konkludert med at Ulstein kommune sender oppdatert skriv om argument som talar for at badeanlegget er eit «badeland i momsforstand», skriv Rune Urke i orienteringa til formannskapet.

Tvist med to leverandørar

I rapporten heiter det at eigedomsselskapet er i tvist med to leverandørar.

Den eine er glas-leverandøren, som ifølgje Rune Urke har kome med krav om ekstrabetaling.

– Det kan vi ikkje godkjenne. Vi er i forhandlingar om løysing, skriv Urke.

Han skriv vidare:

– Denne tvisten vil neppe finne si løysing før sluttfaktura ligg føre.

Storleiken på honorar

Den andre tvisten gjeld prosjekteringsgruppa. Her har Ulstein Eigedomsselskap reklamert på storleiken på honorar, skriv Urke.

Vidare har eigedomsselskapet reklamert på prosjekteringsfeil og manglande prosjektering.

– Dette er ei omfattande sak der vi heller ikkje har full oversikt før sluttfaktura er kome, skriv Urke.

Han skriv også at det er kome krav om ekstrabetaling frå fleire av entreprenørane. Mange av desse krava må sendast vidare til prosjekteringsgruppa, noko som vil kunne verte ein omfattande prosess, står det i rapporten.

Håper å unngå rettssak

Rune Urke meiner det er positivt at det er dialog om problema, og at det er håp om å unngå rettssak.

– Løysing i saka kan ein ikkje rekne med før over nyttår. På noverande tidspunkt er det uklart kva totalkostnaden for prosjektet blir, skriv han.

Ulstein Arena skulle i utgangspunktet koste 268 millionar kroner. Det ligg altså an til overskriding, men kor mykje det blir, er enno uklart.

Ulstein formannskap får orientering om Ulstein Arena førstkomande tysdag.