I rådmannen sitt framlegg til budsjett for Ulstein kommune kom det fram at han meiner kommunen ikkje kan ta seg råd til ny kyrkje no, men det vart varsla at politikarane skulle få ny kyrkje i Ulsteinvik opp som eiga sak. No blir saka lagt fram for Ulstein formannskap tysdag neste veka. Tilrådinga er at kommunen ikkje har pengar til dette no.

Forprosjektet til den nye kyrkja som Snøhetta har teikna, seier at den nye kyrkja vil koste 103 millionar kroner.

I Ulstein kommune sin økonomiplan for 2017 til 2020 er det inne 12 mill. i kommunal støtte til den nye kyrkja. Av dei 12 mill. er alt 1,2 mill. brukt til forprosjektet som er gjennomført.

Rådmannen viser til at Ulstein har ei gjeld som er 194 prosent av kommunen sine brutto driftsinntekter, omtrent dobbelt så mykje som snittet i fylket. No treng kommunen å roe ned investeringane for å få ned gjelda. Såleis er det ikkje rom for ei kommunal finansiering av nytt kyrkjebygg i den neste økonomiperioden.

Dagens kyrkje lite funksjonell

Rådmann Verner Larsen skriv at han ser at kyrkja har behov for nye lokale. Soknet har stor aktivitet, og no er aktivitetane spreidde utover fleire bygg. Noverande kyrkje er lite tenleg for ein del av aktivitetane. Men soknet bør samle inn meir pengar om kyrkja skal vere mogleg å realisere. Dei har til no samla inn rundt to mill. Larsen skriv at innsamla beløp må opp med ein halv million i året.

Betale i 7 år

Ulstein sokn har foreslått at dei kan ta utgiftene med den nye kyrkja dei sju første åra, På det viset vil ikkje kyrkja koste kommunen noko på ein del år, men Larsen skriv at etter dei sju åra er det berre betalt ned 14 %. Årleg kostnad etter kommunal overtaking vil liggje på om lag 3,1 mill. om rentenivået er på 1,5 prosent. Men ein må rekne med at renta går opp dei komande åra, såleis kan årlege utgifter for kommunen fort kome opp i 4,6 mill.

Det er heller ikkje tatt med utgifter til auka drift med to kyrkjer.

Lovendring

Eit anna moment er at det er på gang ei lovendring som stiller spørsmål om finansiering av kyrkjeleg verksemd skal halde fram som no, eller om det skal over på staten. Det same spørsmålet blir stilt når det gjeld tilskot til tru- og livssynssamfunn utanom den norske kyrkja.