På formannskapsmøtet førre veke måtte administrasjonen tole ein del kritikk for at dei hadde tømt Hareid rådhus for tilsette og mellombels flytta inn i lokala til Hareid Elektriske i Hareidsmyrane. Det starta med at bygget skulle få rømmingsvegar, skifte himlingar i taket og PCB-armatur. Men når bygget først var tømt, meinte rådmann Ragnhild Velsvik Berge at det var lurt at dei med det same skiftar vindauge, dører og isolerer yttervegger.

Før formannskapet godkjende ytterlegare oppussing av rådhuset ville dei ha ein heilskapleg plan/gjennomgang for renovering av Hareid rådhus.

Denne vedlikehaldsplanen fekk dei på bordet måndag denne veka.

Omfattande

Prisen for alle tiltaka som er ramsa opp på vedlikehaldsplanen blir til saman 11,025 millionar kroner.

Det er også med i skjemaet byggjetid for kvart tiltak. Dei er på 3–6 veker, bortsett frå skifte av vindauge og dører som er rekna til 18 veker. Sistnemnde vil koste 3,8 millionar. Skifte av yttervegg vil koste 1,2 millionar.

Rådmannen vil byggje om eit par av kontora som har kvelv, slik at dei blir gjort om til to kontor. Dette vil koste 400 000 kr.

Rømningsdører (ligg i godkjend budsjett) vil koste 400 000 kr.

Ny taktekking med isolering vil koste 1,4 millionar kroner. Her ligg også inne utgifter som gardinlamellar for vindauge (600 000 kr), nye røyropplegg for tilluft (1,25 millionar kr), radiatorar for lågare temperatur (1 million kr), varmepumpe (625 000) og snøsmelteanlegg (100 000 kr).

Det er også med 250 000 kr til uventa kostnader (gjeld i samband med ny belysning/himling).

– Ikkje alt ein treng tømme kontoret for

Stian Runne Brandal (Arbeidarpartiet) kommenterte at det er vel ikkje alt på lista ein treng å tømme bygget for å gjennomføre. Nye gardinlamellar og taktekking kan gjerast etter tilsette har flytta tilbake på rådhuset. Brandal skulle gjerne sett at lista var todelt etter kva som kan gjerast med folk i bygget og ikkje.

Kommunalsjef Kai Rune Bjørke svara at dette lista var etter bestilling frå Oskar Grimstad. Rådmannen svara at gardinene på rådhuset er gamle og modne for å skiftast ut. Der trengst skjerming mot sol. Det som er greitt å ta medan administrasjonen held til i Hareidsmyrane er byggje om kontora, skifte av vindauge, dører og yttervegger.

Varaordførar Kristian Fuglseth (Folkelista) sa at det var fint å få denne oversikta, men han var ikkje klar for å gjere noko vedtak no. – Her ligg ein halv fotballhall, kommenterte han og sikta til fotballhallen som rådmannen ikkje fann pengar til i budsjettet.

– Ein heil, smatt ordførar Anders Riise (Høgre) inn, og presiserte at han då meinte den kommunale delen.

– Ein del arbeid som må gjerast uansett

Oskar Grimstad (Framstegspartiet) sa at dette var ein del arbeid som må gjerast uansett.

Han likte at kommunen kan spare pengar på straum ved å pusse opp lokala. Kommunen kan sikkert få ENØK-tilskot også for å isolere og skifte vindauge. Men han etterlyste ein finansieringsplan.

Etter framlegg frå ordføraren godkjend formannskapet samrøystes at mindreforbruk på 400 000 kroner frå takarbeid på sjukeheimen blir omdisponert til renovering Hareid rådhus, betongsaging velv/kontor. Administrasjonen skal kvalitetssikre prisane meir før det blir løyvd fleire kroner.