På grunn av ekstremveret Ylva i Nord-Noreg melder Avinor at det blir nokre forseinka og innstilte fly i dag. Det er også framleis nokre fly som er forseinka på grunn av at det snødde på Gardermoen i går. Dei ber reisande følgje med på informajson frå flyselskapet sitt.

Frå Vigra (Ålesund lufthavn) vart to morgonfly til Oslo innstilte i dag tidleg. Flyet som skulle gå til Bergen klokka halv tolv lettar snart. Flyet som skal gå til Bergen halv fire har fått ny tid halv fem. Og flyet som skal gå til Kristiansund og Trondheim ti på fire har også fått ny tid halv fem. Dette flyet skulle kome til Vigra kl 15.35, men er venta kl 16.15.

Sjølv om fleire fly har blitt innstilt eller utsett, har dei fleste avgangane gått tilnærma som normalt.

På Ørsta-Volda lufthamn vart tre morgonfly innstilte. Eit ettermiddagsfly til Oslo blir tjue minutt forseinka.