Måndag ettermiddag var ordførar Anders Riise og varaordførar Kristian Fuglseth på opplæring med tingretten i Ålesund. Frå neste år er dei klare til å vigsle brurepar på Hareid rådhus. Dette er ein livssynsnøytral seremoni som tidlegare var eit tilbod ved tingretten. Men frå 1. januar 2018 er denne oppgåva delegert til kommunane. Hareid kommune har peika ut ordførar og varaordførar til å ta seg av denne oppgåva.