Under arbeidet med nytt helsehus i Hareid har det blitt opplyst om at det nye huset, med legekontor, helsehus, NAV, tannhelsetenest og ressurssenteret vil koste 163 millionar kroner. Men på formannskapsmøtet denne veka kunne rådmann Ragnhild Velsvik Berge kome med ei viktig faktaopplysning. Prisen er 163 millionar før momsen er trekt ifrå.

Men ho meiner Hareid kommune likevel ikkje har råd til denne løysinga. I framlegget sitt til budsjett har ho lagt inn tre alternative summar for kva kommunen kan bruke på nytt helsehus. På dei andre to alternativa har ho trekt ifrå moms.

Berge foreslår å bruke 50 millionar på helsehus. Det er framleis uvisst om NAV og tannhelsetenesta flyttar inn, då dei må ut på anbod.

Og om dei flyttar inn i det nye helsehuset kan dei seinare bestemme seg for å flytte ut igjen, om dei finn billegare lokale.

Ordførar Anders Riise, som har vore leiar i byggjenemnda for helsehuset verka letta over at alternativet dei har lagt fram likevel ikkje var så dyrt som førespegla.