Anders Riise er ordførar i Hareid kommune, men har tidlegare arbeidd som ambulansesjåfør. Tidleg i november var han med då bruktbutikken Brukt og Billeg på Hareid gav ein hjartestartar i gåve til Hareid symjehall, som blir drive på frivillig basis av Hareidlandet Triatlon.

Mange hjartestartarar er ikkje registrerte.

Oppmodar til både registrering og øving

Sjølv meiner Riise at det må vere minst sju-åtte hjartestartarar rundt om i Hareid kommune, men på 113.no er berre to av dei registrerte. Dei to er på Hareid sjukeheim og på Jets Vacuum.

– Eg tenkjer det er viktig å sette fokus på dette og at ein oppmodar både offentlege og privat næringsliv som har slike hjartestartarar om å registrere dei. På den måten kan ein ha oversikt over dei og då kan AMK-sentralane vite om det er slike apparat i nærleiken dersom det oppstår ein situasjon, fortel Riise.

– Det kan også oppmodast om at dei som har hjartestartarar sørger for å ta ein årleg sjekk på desse, at ein sjekkar batteri og at dei er operative, legg Riise til.

Både Anders Riise og Georg Aursnes (sjå sak på side 6 og 7) fortel at dei fleste hjartestartarar er så enkle i bruk at dei fleste kan bruke dei, men Riise har ei oppmoding til:

– Eg vil sterkt oppmode om at folk øver på hjarte- og lungeredning og at ein held seg oppdaterte, spesielt dei som har ansvaret for desse hjartestartarane. At det blir gjennomført intern opplæring. Dette er jo til dømes krav om i symjehallar, at dersom ein skal vere godkjent instruktør så skal ein kunne og ha kunnskap om livreddande førstehjelp, fortel Riise.