Frå mars 2018 blir den nye dramaserien til NRK sendt kvar sundagskveld, i beste sendetid.

Store delar av serien er spelt inn i Ulstein, men Hareid har også blitt brukt under innspelinga. Annika Brandal (Venstre) meiner at turistane kjem ikkje til å skilje mellom kommunegrensene. Det som er viktig er at dei to kommunane har noko å tilby turistane som kjem, og kommunane bør snakke saman på førehand.

– Me har kanskje ikkje så spektakulære fjordar som Geiranger, men her også mykje flott og unikt, meinte ho.