– Eg bur på Garnes og har køyrt tunnelen dagleg i mange år. Men først etter møteulukka innsåg eg kor farleg denne tunnelen er, seier Dimmen.

Den 166 meter lange tunnelen ligg på fylkesveg 61 mellom Botnen og Garneskrysset i Ulstein kommune.

Uromelding

Etter ulukka sende Einar Dimmen ei uromelding til Statens vegvesen, der han peikte på følgjande:

Det er mykje tungtrafikk i tunnelen

Daglege nestenulukker

Tunnelen ligg i ein skarp sving

Ulstein knuseverk har av- og påkøyrsle rett ved tunnelopninga

Det er ingen gang- eller sykkelveg gjennom tunnelen

Vegen er smal og mange har høg fart i 80-sona.

Einar Dimmen foreslår at tunnelen vert sperra for gåande og syklande. Han meiner også at det bør setjast opp varselskilt om trafikkforholda, og at fartsgrensa bør setjast ned frå 80 til 60 kilometer i timen. I tillegg foreslår han at gamlevegen rundt Kvalneset vert rusta opp til gang- og sykkelveg.

– Dersom fartsgrensa framleis skal vere 80 km/t, må saktegåande trafikk ha pålegg om følgebil eller så det må setjast opp lyssignal, eller visast til omkøyring på gamlevegen, seier Dimmen.

Han nemner mopedar, mopedbilar, traktorar og andre som ikkje kan halde normal snittfart på strekninga som døme på saktegåande trafikk.

Overingeniør Elisabeth Mansfield i plan- og trafikkseksjonen i vegvesenet gav følgjande svar:

– Eg kan ikkje love noko, men vi er samde om at trafikksituasjonen i og ved Kvalnestunnelen ikkje er god.

Synfaring

Vegvesenet lovde å kome på synfaring, og tidlegare denne veka kom det ein delegasjon og såg på trafikkforholda ved tunnelen. Einar Dimmen var med, saman med Odd Kåre Wiik frå Ulstein kommune og Oddvar Moldskred frå Ulstein knuseverk.

Og alle partar var samde: det må gjerast noko.

– Det er eit konfliktområde dette, med trafikk til og frå knuseverket, sa Elisabeth Mansfield, då delegasjonen stod og observerte trafikken frå avkøyrsla til knuseverket.

– Inn- og utkøyrsla til knuseverket er alt for nær tunnelopninga. Kvar dag køyrer vi i snitt femti lastebilar inn på fylkesvegen, og då vert det også femti bilar ut av vegen. Så det vert nokre vegkryssingar i løpet av eit år, fortalde dagleg leiar i Ulstein Knuseverk, Oddvar Moldskred.

– Sjølve tunnelen er trafikkfarleg, det er ei kurve som er lite oversiktleg. Tunnelen har vore trafikkfarleg frå han opna, sa Moldskred, som håper og trur at vegvesenet finn ei løysing som gjer det tryggare for alle.

Fornøgd

Einar Dimmen er svært fornøgd med at vegvesenet tek uromeldinga hans på alvor.

– Håpet er at dei klarer å få til noko for å betre tryggleiken her. Heldigvis gjekk det bra med mine i ulukka, men her er diverre potensial til mykje større katastrofe, sa Dimmen, som meiner det er fleire stader i regionen det bør jobbast med trafikktrygging.

Einar Dimmen får støtte frå Elisabeth Mansfield i vegvesenet.

– Vi har førebels ingen konklusjon, så vi må finne ut kva vi kan få til, omtrent utan å bruke pengar. Eg skulle gjerne ha sett at vi bygde om heile området her, til dømes ved å rette ut kurva gjennom i tunnelen og legge til rette for sykling gjennom den. Men alt handlar om prioritering av pengar, seier Mansfield.

Ved tunnelinnkøyringa frå Botnen står det skilt om farleg kryss, som gjeld avkøyringa til knuseverket. Foto: Linda Eikrem
Frå venstre: Oddvar Moldskred, Maren Meyer, Elisabeth Mansfield, Odd Kåre Wiik og Einar Dimmen. Foto: Linda Eikrem