Regjeringa har foreslått at kommunar ikkje kan innføre høgare eigedomsskatt enn ein promille første året, men Stortinget skal ikkje gjere vedtak om dette før etter Ulstein kommunestyre har gjort vedtak om neste års budsjett. Om Stortinget vedtar noko anna enn 2 promille vil Ulstein følgje startsatsen som Stortinget vedtar. Då får kommunen krevd inn sju millionar mindre enn budsjettert i 2018, noko dei vll dekkje med pengar frå driftsfondet.

Rådmann Verner Larsen foreslår at det blir innført eigedomsskatt på alle bustadhus og fritidseigedomar i heile kommunen. Det blir også skatt på ubygd grunneigedom (ikkje tomter som er regulert til næring). Bygningar av historisk verdi og eigedom som stiftingar eller institusjonar eig som skal gagne ein kommune, fylke eller stat kan etter søknad få fritak frå å betale skatt.

Larsen foreslår at det ikkje blir innført botnfrådrag. Kommunen skal nytte siste tilgjengelege tal frå Skattedirektoratet sitt register som grunnlag for eigedomsskatt. Eigedomsskatt forfell til betaling over to semester. Dette skal opp i formannskapet tysdag 28. 11. 17