Den store handledagen «Black Friday» har for lengst slått rot her i landet også, og markerer starten på julehandelen. Som ei motvekt til denne store handledagen arrangerer NMS Gjenbruk i Ulsteinvik, Myrvåg og Volda Grøn Fredag, i lag med resten av dei i alt 50 gjenbruksbutikkane som Det Norske Misjonsselskap driv rundt om i landet.

– Det verkar som om det er eit større medvit hos folk rundt dette med gjenbruk og miljø. Det er mange forskjellige kundar som er innom butikken, ein del yngre folk, nokon er ute etter eit godt tilbod medan andre er på jakt etter eit bruktfunn, fortel Anne Marie Hopland som er «butikksjef» på gjenbruksbutikken i Ulsteinvik. Ho fortel at det i

år er 15 år sidan dei starta opp butikken i Ulsteinvik. Dei siste to åra har dei halde til i det tidlegare Cubus-bygget.

– I samband med Grøn Fredag halverer vi prisane på alle julevarene og på ein del glas og steintøy, fortel Hopland.

Ein million i omsetnad

– I år ligg NMS Gjenbruk Ulsteinvik an til å runde ein million kroner i omsetnad fortel Jan Ove Kleppe i regionstyret for Det Norske Misjonsselskap. Han er elles koordinator for dei fem gjenbruksbutikkane dei driv i region Møre.

Overskotet går til NMS sitt arbeid som dei driv i fjorten land over heile verda.

– I 2017 arbeider NMS særleg mykje med born og kvinner sine rettar i ulike delar av verda. Feire medarbeidarar har risikert mykje for å påverke dei lokale styresmaktene, seier Kleppe som sjølv har gjesta Kamerun og Madagaskar fleire gonger og sett korleis arbeidet til misjonsselskapet vert drive.

– Stikkorda for gjenbruksbutikkane er Misjon, Møteplass og Miljø, fortel han.

Han rosar dei frivillige medarbeidarane som stiller opp for å drive gjenbruksbutikkane. i Dei tre gjenbruksbutikkane dei har på søre Sunnmøre omfattar dette rundt 120 frivillige. 60 av desse er tilknytt bruktbutikken i Ulsteinvik.

– Vi set også veldig stor pris på dei som kjem med varer til butikken, seier Jan Ove Kleppe.