Antikkmessa vart arrangert på Hareid for første gong i fjor, og med godt frammøte. Einar Hjelm har tatt over ansvaret for messa etter Petter Melbye, og han fortel at det i år har meldt seg på 14 utstillarar.

– På messa blir det alt frå retroprodukt, postkort, tekstilar, glas, porselen og kopar og messingprodukt, fortel Hjelm.

Messa går under namnet «Hareidsmessa», og Hjelm fortel at planen er å arrangere ho to gonger i året. Neste år blir det i mars og september. Så seljarar må berre melde seg på.

– Publikum er velkomne til Hareidsmessa denne helga. Og der blir også kafe med sal av vaflar, kaffi og brus, fortel Hjelm.