Det store gapet mellom utgifter og inntekter skaper hovudbry for politikarane i Herøy i innspurten på budsjettet. Men eigedomsskatt er likevel ikkje aktuelt å bruke som tettingsmiddel, skriv lokalavisa Vestlandsnytt.

Rådmannen har i sitt salderte budsjettframlegg brukt nær 12 millionar kroner av kommunen sin oppsparte kapital til å tette gapet med i 2018. Saman med 7–8 millionar kroner i generell innsparing på drifta, har han dermed greidd å balansere neste år budsjett. Innsparingane gjeld i første rekke pålegg til avdelingane om å kutte drifta med 1,75 prosent.

Men neste års budsjett er ikkje det største problemet. Dei etterfølgjande åra ser ut til å bli verre. Ingen ting tyder på at inntektssida vil auke på ein naturleg måte. Dette har fått rådmannen til å be politikarane om å vurdere eigedomsskatt, som frå 2019 kan begynne å gi kommunen rundt 10 millionar kroner i nye inntekter.

– Om vi ikkje får økonomiplanen i balanse, så hamnar vi på Robek-lista til fylkesmannen i løpet av mars, sa økonomileiaren. Men fleirtalspolitikarane  vil ikkje ha ei slik løysing.