Bak arrangementet står Hareid Næringsforum, Butikkgruppa og Hareid kyrkje.

– Vi slår oss saman for å prøve å gi innbyggjarane ei flott oppleving, med førjulsstemning, liv i sentrum og møteplassar, seier nyvald leiar Idar Flø i Hareid Næringsforum.

På programmet står både julemusikk og julesong, gang rundt treet, julegløgg, kaffi, peparkaker i julestallen, appell ved rådmannen, vitjing av nissen som kjem med godt i sekken – og fakkeltog til kyrkja for å sjå på juleskodespelet «Julenatt i stallen».

– Eg synest det er spesielt kjekt at julegrantenninga blir i samspel med skodespelet «Julenatt i stallen»..

Aktørane er 7.-klassingane, som også er juniorkonfirmantar. Dei framfører julespelet av Astrid Lindgren saman med eit barnekor, eit lite orkester og vaksne solistar.

– «Julenatt i stallen» er gratis, passar for heile familien, og gir ein bodskap om kvifor vi feirar jul, kommenterer Idar Flø.

Bente Andreassen Pilskog har sin første arbeidsdag som kyrkjeverje i Hareid 1. desember, same dag som julegrana blir tent og julespelet i kyrkja blir framført.

– Å skape liv og engasjement i bygda er viktig. Og det å jobbe i eit fellesskap med andre menneske skaper trivsel og gir meg inspirasjon og skaparglede, seier den nye kyrkjeverja.

Ho legg til at kyrkja har ei viktig rolle i lokalsamfunnet, og at ho synest ho ikkje kunne fått nokon betre dag å starte den nye jobben på.

Idar Flø og Bente Andreassen Pilskog har erfart at det er mykje vilje og skaparglede blant folk på Hareid, og at det er mange som i fellesskap bidreg med å få til dette arrangementet.

– Her må først og fremst Hareid skulekorps få ros for å stile opp kvart år, dei er like viktige i denne settingen som på 17.-mai. Butikkane skal halde ope til julegrana blir tent, og vi har fått sponsorar både til annonsar og utstyr. Det er heilt naudsynt med frivillig innsats, og det viser lyst og evne til samspel i bygda. No er det berre å ta med familien og få ein stemningsfull start på adventstida, oppmodar Andreassen Pilskog og Flø.

Heilt til slutt kjem dei to med eit tips til dei vaksne:

– Prøv å tipp kven som er inne i nissedrakta, for det er ikkje nokon kven-som-helst-nisse som er inne i nissedrakta.