Tanken er å sleppe mannskoret laus på publikum i april neste år.

Responsen på tiltaket skal vere svært stor. Dei som melder seg på, vil få tilsendt notar, som dei må øve på heime fram til helga 20.-22. april. Då er det sett av tid til både fellesøvingar og konsertar i Spjelkavik kyrkje, Hareid kyrkje og Volda kyrkje.

«Dei som kjenner tårene trengje seg fram»

I invitasjonen går det fram at særleg songarar som «kjenner tårene trengje seg fram» når dei høyrer ting som «Høgt frå den himmelske klåra», «I storm og strid» og «Fastetid» er særleg utfordra. Ikkje uventa vil mange Johan H. Grimstad-komposisjonar vere med. Odd Johan Overøye skal vere pianist medan Magne Fremmerlid skal dirigere og ha solistroller.

Fredag 20. april er sett av til øvingskveld i Spjelkavik kyrkje. Det blir ein ny øvingssekvens i same kyrkje laurdag før konsert og songarfest m/ potetball på menyen. Søndag 22. april er det først øving i Hareid kyrkje, så deltaking på songgudsteneste der og middag på Hareid bedehus. Så blir helga avslutta med øving og konsert i Volda kyrkje.