– Ei fantastisk gåve. Vi har mykje veggplass ledig, og dette er motiv som dei som bur her kjem til å like. Det kjem til å bli både gjenkjenningsglede og diskusjon om desse motiva, kommenterer kommunalsjef Marit Botnen for helse- og omsorg i Ulstein.

Bak gåva står familieselskapet Naustneset som er under oppløysing.

Dei ni måleria hang tidlegare i spisesalen til Ulstein Hotel den gongen det hadde tilhald på Varleitet, men sidan hotellet vart flytta til Ulsteinvik sentrum har dei lege på lager.

– Vi i Naustneset syntest det var ein god ide å gi bileta til Ulstein sjukeheim. Bestemor vår, Inga Ulstein, var av dei aller første pasientane på Alvehaugen, og ho døydde her i juli 1978. Seinare har dei fleste av borna hennar vore innom her før dei døydde, og alle har fått god pleie og omsorg. Så vi gir gåva i stor takksemd, kommenterer Solveig Kristensen.

Ho håper dei som bur ved Alvehaugen vil finne glede og interesse i å sjå på bileta.

Kunstnaren Bjarte Ytterland er busett i Ålesund der han har sitt eige kunstgalleri. Han jar jobba som illustratør og grafisk designar, og har sidan 1990 jobba med maritime motiv. Blant bileta som no skal opp på veggene ved Ulstein sjukeheim er motiv frå Borgarøya, frå Herøy gard, Ålesund og selfangstskuta «Aarvak» i isen.

Ytterland er også kunstnaren bak veggmåleriet som prydar ein av ytterveggane på Blåhuset i Ulsteinvik sentrum.

– Vi vart både overraska og glade for gåva, og vi skal sørge for at dei skal få gode plassar. Flotte rammer er det på dei også, kommenterer Marit Botnen.

Under fotograferinga samla det seg raskt ein liten flokk med pensjonærar som ville sjå på nyhendet, og diskusjonen byrja å gå med ein gong.

– Nei, sjå Borgarøya, husa der er det lenge sidan eg har sett, kommenterer ein av pensjonærane.

– Og der er «Aarvak». Ho låg ofte ved slipp er eg vaks opp, seier ei anna.

Bileta er eit godt døme på at kunst kan vekkje interesse og diskusjon.