Boka, som er i sal ved bokhandlarar i Ulstein og Hareid, er skriven av Geir Liavåg Strand, Hans Cappelen, Guri Alme og Solveig Viseth, alle etterkomarar etter Johan von Cappelen.

Johan von Cappelen starta prestegjerninga i Ulstein og Hareid i 1749, og budde i Dimnasund med familien til han døydde i 1792. Då tok sonen Peter Andreas over embetet. Han hadde då vore misjonær på Grønland i fleire år.

Overklasse

Soknepresten og borna hans var overklasse i området. Geir Liavåg Strand, som er oppvaksen på Hareid og utgjevar av boka, fortel at fleire av etterkomarane har sett spor etter seg, og at boka tek for seg nokre av desse:

Eldstesonen Johan Peter er omtala gjennom ein CV som han skreiv då han søkte prestestilling. Originalen er oversett frå latin i høve denne boka.

Ein misjonær og ein storsvindlar

– Blant andre markante Cappelen-personar er misjonær, handelsmann og selfangstpioner Peter Andreas Cappelen og to av etterkomarane hans. Sonen, sorenskrivar og storsvindlar Johan Henrik Cappelen som budde i Fresvik i Sogn, og sonesonen Johan Cappelen, som var den første kontorsjefen på Stortinget, og som har fått æra for at forhandlingane frå Stortinget vart sorterte og gjort tilgjengeleg for ålmenta heilt tilbake til det første ordentlege Storting, fortel Liavåg Strand.

Kontorsjef Johan Cappelen og familien hans budde forresten i ei leilegheit på Stortinget, og fleire born er fødde der.

Første hjartekirurgen

Severin Cappelen frå Flekkefjord var tollar og handelsmann på Grønland. Sonen hans, Johan Nicolay Cappelen var busett i Måløy og vart den første distriktslegen i Nordfjord. To av døtrene hans sette spor etter seg i Måløy, medan to av sønene gjorde karriere som legar andre stader i landet. Sonen Axel Cappelen vert rekna som verdas første hjartekirurg.

Framleis etterkomarar i Hareid og Ulstein

Men ikkje alle reiste ut. I Ulstein og Hareid finst det framleis folk som ætter frå Cappelen-slekta. Handelsmann og gardbrukar Joachim Christopher Cappelen kjøpte garden Liavåg etter faren og busette seg der. Av etterkomarane som blir omtala spesielt i boka er Augusta Liavåg som var gift med Rasofiel Rise, og kunstnarborna deira. Denne bolken er skriven av Guri Alme.

Anna Sophie Cappelen vart gift og busett på Sjøholt, der etterkomarane har sett spor etter seg. Denne bolken er skriven av Solveig Viseth. Innbakt er også historia om ho som fekk barn før ho gifta seg, og korleis det vart ordna i hennar samfunnslag. Det er skrive av Geir Liavåg Strand.

Slekts- og kommunevåpen

Med i boka er også eit kapittel om slektsvåpen og kommunevåpen der Cappelen sitt slektsvåpen blir omtala, og der kommunevåpena for mellom anna Ulstein og Hareid blir omtala.

Eit anna kapittel tek føre seg andre typar signetar og stempel brukt historisk av Cappelen-familien og etterkomarane deira i Liavåg. Desse to delen er skrivne av heraldikar Hans Cappelen.

Guri Alme opplyser at det er planar om å presentere boka på ei tilstelling i Ulstein historielag, men tidspunkt for dette er ikkje bestemt enno.