I bakken mellom Prost Ankers gate og avkøyrsla til barne- og ungdomsskulen, er det gjennomkøyring forbode mellom klokka 0810 og 0840.

Fredag morgon vart tre sjåførar bøtelagde for ikkje å ha respektert forbodet.  Dei må kvar ut med 5350 kroner i bot.

- Sjølv om politiet stod svært synleg, vart både skiltinga og politiet oversett, fortel lensmann i Hareid og Ulstein, Hans-Eirik Pettersen.

Trafikktrygging

Bakken vart stengt for gjennomkøyriing før skulestart i fjor.

– Dette blir gjort som eit trafikktryggingstiltak, sa kommunalsjef Arne Runar Vik.

– Ja, om nokre bilistar må køyre nokre minutt lengre mot at skuleelevane får ein tryggare skuleveg er det verdt det, sa Vegard Ertesvåg frå teknisk etat.

Politiet har med ujamne mellomrom hatt kontrollar i området, i september i fjor braut til dømes åtte sjåførar gjennomkøyringsforbodet.

Kan verte fleire kontrollar

Lensmannen fortel at dagens kontroll vart gjort etter klage frå folk som meiner bilistar ikkje tek omsyn til skiltinga.

- Dei som trassar skiltet, er som hovudregel foreldre som ønskjer å køyre borna heilt fram til skuleplassen, i nokre tilfelle som følgje av tidspress, seier Hans-Eirik Pettersen.

Han framhevar at mjuke trafikantar, i dette tilfellet små born, treng å verte verna mot bilar på dette tidspunktet.

Kan det verte aktuelt med fleire kontrollar i nær framtid?

- Ja, som ei følgje av dagens kontroll med eit litt nedslåande resultat, vil det sjølvsagt vere aktuelt for politiet å ha kontrollar også seinare, seier Pettersen.