Mykje folk møtte fram i dag for å få med seg opninga av Ulstein Arena. Det krydde av folk både på biblioteket, i klivrehallen, idrettshallen, kaféen og etter kvart uti badebassenga også. Mange vart imponerte over kva dei fekk sjå.

Kultursjef Leif Ringstad sa under opninga at dette nok er ein av dei største dagane i Ulstein si historie.

Han takka visjonære politikarar som har hatt tru på prosjektet. Dette er eit bygg som kjem alle innbyggjarane til gode, og som hjelpe kommunen med å gje innbygjarane lovpålagde oppgåver, som bibliotek, symjeundervisning og idrettshall til gymundervisning.