I dag er det fest i Ulsteinvik, for no opnar endeleg Ulstein Arena. Det skal vere mogleg for alle å finne seg til rette i badeanlegget, biblioteket, klatrehallen og idrettshallen. Det er rett og slett eit praktbygg som kjem til å vere ein samlingsplass for innbyggarane i Ulstein i mange, mange år framover.

Også for Vikebladet Vestposten har det vore spennande å følgje prosjektet. Det er vel få prosjekt som illustrerer lim- og lupe-funksjonen til avisa betre enn nettopp Ulstein Arena. Nokre meiner at vi berre skal skrive om kor fantastisk dette prosjektet er (limfunksjonen), og oppfattar meir kritisk journalistikk (lupefunksjonen) som unødig støy. Vi skal sjølvsagt gjere begge delar. Elles gjer vi ikkje jobben vår.

Vi har difor følgt arbeidet på tomta, vi har snakka med prosjektleiaren, arkitekten, leiaren i eigedomsselskapet og vist fram Ulstein Arena både inne og ute. Vi har i fleire omgangar skrive om det nye biblioteket og vi har fortalt kven som er tilsett som badevakter og servicevertar.

Men vi har også skrive om pengebruken, overskridinga, prislappen ingen førebels veit og om usemja mellom utbyggar og leverandørar. Og vi har skrive om hemmeleghald rundt prosjektet, politisk usemje og om naboar som har kjent seg plaga av støyen frå anleggsområdet.

Denne balansegangen mellom lim og lupe vil vi halde fram med, noko også dagens avis er eit døme på. Vi skriv om driftsbudsjettet som er nokre millionar høgare enn tenkt, og i Laurdagspraten møter vi han som er driftsleiar for Ulstein Arena.

Det er god grunn til å gratulere med dagen. «Ulstein Arena skal vare i minst 100 år», er det fleire som seier. Det same gjeld også for lokalavisa si interesse for anlegget.