Konserten opna vakkert med «Det lyser i stille grender», der Samuel Fiskerstrand opna med å spele trombone. Så kom Noah Nygjerde og Julie Helene Fredriksen Sjåstad inn og song duett på dei to første versa, før heile kyrkjelyden fekk vere med å syngje dei tre siste versa. Og med det var stemninga sett. Deretter følgde det eine flotte nummeret etter det andre. Ulstein kulturskule har mange dyktige elevar, og det var tydeleg at elevane hadde vore flinke å øve fram til denne konserten.

Det er kjekt å sjå kor scenevande og trygge mange born er med å opptre. Det ser ut til at kulturskulen er flinke til å gje dei oppgåver å vekse på.

Ytre Strøk spelte tre stykke, og det gjekk strykande. Dagny Sofie Giljarhus Linge og Maria Kirkengen Hovlid song «Tid for alt» om mellom anna å vere vener. Mathea Rosa Holte Grevstad song «Kongens by».

Frode Andre Johannesen og Sverre Ose Kristensen spelte «Misty» på saksofon i lag med lærarane sine. Dette var eit flott nummer.

Marie Grov spelte Bourrèe på piano. Så spelte Mathilde Nygård Jørve og Madelen Nygård Jørve i lag med fiolin, «The Holy City».

Frida Pedersen, Aurora Bjerkvik og Elise Sæter Hasund song «Himlen i min favn» medan Amanda Rud Garshol og Lucy McMahon Brandal spelte klarinett til. Acsharan Senthilkumar framførte «Canzonetta» nydeleg på klarinett. Eit litt annleis og artig innslag var Ivar Moldskred som spelte «Ave Maria» på elgitar. Det var også Boris Leenders som spelte «Prinsesse Leilas tema» på saksofon. Jonetta Sundgot Aarland, Johanne Magdalena Renså og Lisa Orvik Birkelid song «When you believe» frå filmen Prinsen av Egypt.

Maria Dalhaug, Brage Skodjevåg Bø, Samuel Fiskerstrand, Johannes Kaul, Eva Ulstein, Frida Pedersen, Marius Stadeløkken og Ingeborg Hauge Mork spelte «Jesu Blieber Meine Freunde» frå galleriet. Frå galleriet song også Sanne Kleven «Jul, jul, strålande jul». Sivert Djupvik og Sverre Ose Kristensen gav ei flott tolking av «Stille natt». Trekkspelgruppa framførte «Himmel på jord», der Madelen N. Jørve song.

Flott levert alt i hop!